Beitevandring i utmarka!
Beitevandringar i utmarka - bli med Forsøksringen på tur! August 2008.
Forsøksringen Hordaland inviterer til markdagar i utmarksbeite. Vi får med oss fagfolk med innlegg om ulike
tema knytt til beiting i utmark. Beitevandringane er i samarbeid med lokale beitelag. Vi får høyre erfaringar med beitebruken og diskutere idèar.
Utmarka er ein viktig ressurs i drifta. Fleire tiltak kan gjerast for å få betre bruk av beita og få
best mogleg økonomi i å nytte utmarka. I takt med aukande attgroing blir det meir problem med flott og flogemakk. Det er viktig å vite kva som skal til for å førebygge tap. Med vurdering av vegetasjon og beitekvalitet kan ein vidare finne ut om beitepresset er bra, eller om ein til dømes bør få fleire dyr med i beitelaget. Slik kan ein få betre beitekvalitet. Ein kan òg bruke saltstein og målretta rydding for å få dyra til å beite meir på dei mest næringsrike områda. Eit godt driftsopplegg må vere tilpassa marknaden. Kan hende kan tidlegare sanking om hausten vurderast, særleg viss beitekvaliteten blir så dårleg at tilveksten stoppar opp.
For mer informasjon om hvor og når samt kontaktpersoner kan du laste ned vedlagte .pdf fil.
Du finner også mer om dette på Forsøksringen Hordaland sine nettsider.