ÅRSMELDING FOR SOTRA SAU OG GEIT 2008
Styret har hatt denne samansettinga:
Leiar: Terje Strandtun
Nestleiar: Svein Lillebø
Kasserar : Evelyn Sommer
Medlem: Sverre Lervik
Medlem: Gisle Fjæreide
Styret har i meldingsåret hatt 3 styremøter, samt ei samling i forbindelse med kåring.
Året starta med årsmøte som vart halde på Rådhuset. Etter årsmøte hadde vi besøk av Lena Dagvel som snakka om snyltebehandling av sau. Ho tok for seg behandling med kapsler, og snakka om diverse midler som er i handelen og virkeområde, ikkje behandling av delar av flokken, for å unngå imunitet mot midla som vert brukt.
På medlemsmøte i mars var det Felleskjøpet og Nortura som deltok. Felleskjøpet snakka om fôrslag til sau og lam, mens Nortura hadde dette med lammetap på programmet. Veterinær Kristin Gjerde deltok og som vanlig.
Fatland og Nortura henta som vanlig vår- og haustulla. Det var både i vår og haust litt kluss med ullhentinga. Lang transport og misforståelser mellom Fatland og representanten for Fatland i Bergen, førte til at ulla vart liggjande for lenge i vår, slik at den vart henta av Nortura. I haust var det og kluss med Fatland pga bruk av både bil og hengar. Dette har dei fått melding om og vi håper at dette ordner seg. At ulla vert henta når ho skal.
Vi kjøpte inn ivomeckapsler til medlemmane i vår, dette gjer vi denne sesongen og. Vi prøvde å handle inn Baycox og i stort for å sjå om det var noko å henta på pris. Det var det, så om det er interesse for det, kan vi prøve igjen i år.
Ellers hadde vi og midler mot melkefeber på lager som medlemmane kunne kjøpa. Vi har litt igjen på lager til i år.
I sommar tok vi i styret på oss å vera med Bygdekvinnene å ha open kiosk på Fjell festning. Vi plaga ikkje så mange med dette all den tid det meste skjedde på kort varsel, men nokon deltok i tillegg til styret. Mykje folk på tur i helgena førte til at det vart solgt mange lapper og laga mykje kaffi, til stor glede for turgåarane og dei besøkande inne på festninga. Godt utbytte til laga vart det og.
Kåringa i haust var i samarbeid med Askøy sau, og vart arrangert på Kleppestø. Det vart kåra mange fine verar, men det vart etterspørsel etter fleire enn det vart kåra. Så hugs å vera tidleg ute i år for å få tak i eit fint kåra lam.
Det er ikkje nødvendig å reisa langt for å finna seg ver.
Medlemstalet er fortsatt stabilt. Vi har fått ei utmelding i 2008, men til gjengjeld har vi fått 3 nye medlemmer.
Så vi er i dag 64 medlemmer.
Evelyn og Terje deltok på årsmøtet til HSG i vår. På haustmøtet var det ingen som deltok frå laget,
det var etter ein ringerunde ingen det passa for å reise.
Ellers vil vi retta ein stor takk til dei som deltok i ullhentinga i 2008 og dei som deltok som servitører på kafeen på Fjell Festning.
Styret i Sotra Sau og Geit.