Invitasjon til medlemsmøte

7. mar 2009 by

Møtet blir i Kultursalen i Fjell Rådhus, tirsdag 24. mars 2009 kl 19.

Det er i dei siste åra vorte mange som har starta opp med utegangarsau, og det er bra at utmarka og øyane vert brukt igjen. Men vi har i det siste mottatt bekymringsmeldingar frå folk som har sett at det ikkje er alle desse dyra som har det bra, vi får og melding om dyr som ikkje er merka.

Dette ynskjer vi å setja fokus på, fordi det ikkje skal så stor innsats til for å gjera noko med det.

Derfor har vi invitert med Mattilsynet som kan fortelja kva som er krava til denne typen dyrehold. Kva reglar som gjeld for merking, snyltebehandling, klypping, fôring, tilsyn og dette med skjul til dyra.
Dei vil og ta opp dette med fotråte hos sau. Kva som er symptoma og kva som er behandling, og i tillegg kven som er mest utsett for smitten.

Vi vil og frå saualaget koma med eksempel på utegangardrift og eksempel på buskaper der det er gjort tiltak for å betra både dyrevelferd og økonomi.
Vi kjem og til å ta ein liten presentasjon av kurset i dyrevelferd som vi i saualaget held på med for medlemmane. Dette for å tilfredstilla krava som Mattilsynet har innført og som er gjeldane frå 1.1 2010. Alle skal kunne dokumentere kompetansen for å driva med småfe.

Som vanlig vil vi og ha med veterinær Kristin Gjerde på møtet. Ho vil svara på spørsmål frå salen og skriva ut reseptar på midlar til innvortes og utvortes snyltarar.

Vi tek og med Ivomeckapslane til dei som har bestilt. Det same gjeld Nemusau og Nemuket til dei som har behov for det.

Har du ein nabo, som ikkje er medlem i saualaget, men som har sau, enten vanlig eller utegangar, inviter han med!! Kanskje det er gode tips å henta for nokon å ein kvar.

For å dekke inn husleige og noko å bite i, tar vi som vanlig kr 50,- pr person

Vel møtt!!

Related Posts

Share This

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>